mandag 18. september 2017

Laga tekstbilete i inkscape

Bilete med eit sitat, bibelvers eller ord som betyr noko for meg er fint å dela på sosiale medier som ei lita oppmuntring og påminning i kvardagen.  Dette sitatet er henta frå creative designer Chris Do. Her er korleis du kan laga dette tekstbiletet.














 
1. Opna opp inkscape. Nedlasting finn du på inkscape.org

2. Gå til https://pixabay.com/no/blomst-anemone-fiolett-lilla-2447167/ og last ned biletet på datamaskina di. (gratis til personleg og komersiell bruk)

3. Importer biletet til inkscape. File - import

4. Sett måleeininga til pikslar (px) og lag eit rektangel som du set til 1024 x 576px





5. Legg rektangelet oppå biletet ved å klikka på det og klikka på knappen: Raise selection to top eller trykkja på home på tastaturet.







6. Klikk på tekstknappen (bilete av ein A til venstre for lerretet) og skriv den teksten du ynskjer. 
Teksten eg brukte kan du kopiera her: Stop focusing on the no's. The no's will get you nowhere. Rediger, flytt til ny linje eller kva du ynskjer med teksten til du har den formen du likar. Om teksten ikkje er oppå biletet brukar du same metode som i punkt 5.

7. For å endra fargen på teksten slik at den harmonerer betre med biletet brukte eg The dropper tool.
Klikk først på det du vil endra farge på (i dette tilfellet teksten) slik at det er markert. Klikk så på ...
... eller F7 på tastaturet. 




Klikk så på ulike plassar i biletet. Fargen på teksten vil endra seg. Velg den fargen du likar best. 

8. For sikkerhets skuld pleier eg å konvertera tekst til sin sti (engelsk: path). 
Merk teksten. Gå til : path - object to path  
Etter dette kan ikkje teksten redigerast som tekst lengre, så vær sikker på at du har gjort alle justeringar først. Du kan ev. laga ein kopi av teksten før du gjer dette ved å merka den og trykkja Ctr+D. Då legg det seg ein kopi oppå originalen som du kan dra til sides og ta vare på til seinare.


9. Når alt er på plass der du vil ha det skal det eksporterast som eit bilete i PNG-format. Me vil berre ha det som er innanfor rektangelet så du klikkar på det slik at det er markert, går til fil - eksport.







Velg kvar du vil lagra biletet ved å klikka på export as.

Så trykkjer du på export og du er ferdig. Biletet finn du der du valgte å lagra det og du kan dela det på sosiale medier.

Om du vil fortsetja på dokumentet du har lagra i inkscape går du til file - save as. Det kan henda at neste gang du skal opna dette dokumentet/fila vil datamaskina spørja deg kva for program det skal opnast i. Då velgjer du inkscape og datamaskina vil opna alle tilsvarande filer i dette programmet framover)





Eg håpar dette var nyttig for deg. Har du innspel og tips til forbetring eller noko du ynskjer info om eller forklaring på er eg takknemleg for tilbakemelding. Bruk gjerne kontaktskjemaet til høgre eller legg igjen ein kommentar nedanfor. 
Om du lagar eit slikt bilete hadde det vore kjekt om du vil dela det med @trostereiret på twitter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar